Inviter alle medlemma lokallaget til å ta med seg tre ting eller klesplagg dei ikkje lenger har bruk for, men som framleis er i god stand.
Sett opp fleire bord og la deltakarane leggje tinga sine på borda.
Ein kan gjerne arrangere loddtrekking, bingo eller andre leiker. Server gjerne noko godt å spise – kanskje du kan få overskotsmat frå ein butikk?
I løpet av bytemarknaden kan du arrangere ein diskusjon eller vise ein kort film om ansvarlig forbruk og produksjon, anstendig arbeid og økonomisk vekst, eller andre tema som du tykkjer kan vere relevante.