Ansvarleg forbruk og barne- og ungdomsorganisasjonar

Noreg har forplikta seg til å bidra til å oppfylle FN sine 17 berekraftsmål innan 2030. Desse er ein del av eit globalt samarbeid for å stanse klimaendringane, utrydde fattigdom og redusere ulikskapar. Kvart enkelt land som har knytt seg til berekraftsmåla sett spesifikke nasjonale mål som skal nåast innan 2030. For at vi skal klare å nå dei måla som er sette må offentlege myndigheiter, sivilsamfunnet, industrien samt privat sektor og akademia jobbe tverrfagleg saman for å kome eitt steg nærare ei grønnare, tryggare og meir rettferdig verd. Det inkluderer sjølvsagt barne- og ungdomsorganisasjonar av ulik størrelse, ulike funksjonar og frå alle hjørne av Noreg!

Eit av måla Noreg som nasjon slit med å oppfylle er mål 12 om ansvarleg forbruk og produksjon. Det verkar kanskje som eit mål som ikkje er like «viktig» som for eksempel god utdanning for alle, det å stoppe klimaendringane, og fred, rettferd og velfungerande institusjonar i alle land. Men visste du at Noreg ligg heilt i verdstoppen når det kjem til forbruk? Dersom innbyggarane i heile verda hadde forbruk på lik linje med oss i Noreg, hadde vi trengt tre jordklodar per år for å oppretthalde forbruket!

Sjølv om det er sentrale myndigheiter som er ansvarlege ovanfor FN, er det vi som forbrukarar som i praksis må omstille oss dersom ein skal klare å nå målet. Staten skal legge opp til at økonomien kan omstille seg til å bli sirkulær, men til sjuande å sist er det opp til kvart enkelt individ om enn vel å fylgje trenden. Vi kan også vere med på å auke tempoet i omstillinga dersom vi viser engasjement og interesse. Det er difor kanskje under berekraftsmål 12 at vi som enkeltmenneske og organisasjonar enklast og mest effektivt kan forbetre oss, og difor er det eit mål ein bør ta på største alvor. Alle kan ta tak for å endre forbruket sitt, og som organisasjon står ein i ein særposisjon for å bidra til kunnskap og formidling. Noreg når ikkje måla som har vorte sett dersom ein ikkje samarbeider på tvers av organisasjonar og politiske skiljelinjer. Difor bør organisasjonar ta eigarskap over berekraftsmål 12.

Pexels alleksana 4385291

Her er tre tips til korleis din organisasjon kan bidra til at vi som samfunn skal nå berekraftsmål 12 innan 2030:

1. Kutte matsvinn:

Eit delmål under berekraftsmål 12 er at alle forbrukarar på verdsbasis skal halvere matsvinnet sitt innan 2030. Her har Noreg eit openbert ansvar saman med andre vestlege land. Ved å redusere matsvinn gjer ein ressursar tilgjengeleg for ei stadig aukande befolkning i andre deler av verda, samt at ein reduserer presset på miljøet ved å produsere og fordele mat meir effektivt. Matsvinn globalt står for ca. 8% av alle klimagassutslepp, so det får direkte konsekvensar også for andre berekraftsmål. FN meiner difor at det å redusere matsvinn er eit av dei aller viktigaste klimatiltaka.

Det finns mange ulike praktiske tiltak for å redusere matsvinn. Heilt sentralt er det å planlegge godt før arrangement dersom ein skal ha servering. Ikkje berre er det trist å måtte kaste mykje mat som eigentleg er etande, men det er i tillegg kostbart for organisasjonar å skulle kjøpe inn mat som ein endar opp med å kaste. Planlegg difor godt på førehand, og ikkje få dårleg samvit dersom all maten forsvinn – det er jo noko som eigentleg burde feirast! Slik kan du redusere matsvinnet til organisasjonen, hjelpe miljøet og sitte igjen med meir pengar. Dersom ein skulle ende opp med å sitte igjen med overskotsmat etter eit større arrangement (som det f.eks. ikkje er mogleg å oppbevare/fryse til ein annan aktivitet), kan ein vurdere å donere overskotsmaten til organisasjonar som tek i mot det.

2. Arranger byttekveldar/reparasjonskveldar:

Byttekveldar bidreg både til ein sirkulær økonomi ved at ein ikkje kjøper noko som er nytt, og i tillegg er det ein flott måte å vere sosial på! Det er gjevande å kvitte seg med noko ein ikkje lenger har bruk for på ein ansvarleg måte, og det er kjekt å få nye plagg som er gratis/billige. Ein bonus med byttekveld er at ein tileignar seg plagg som ikkje er med å utøve unødvendig press på planetens ressursar, og som ikkje bidreg til å oppretthalde dårleg lønna arbeid under uuthaldelege forhold for dei som jobbar innan klesproduksjon. Ved å kjøpe noko som allereie er brukt reduserer ein bla. karbonfotavtrykket sitt på planeten og globalt vassforbruk som går til industri i staden for å bli konsumert av menneske. (Mange organisasjonar arrangerer allereie loppemarknader for å skaffe inntekter. Sidan konseptet med byttekveldar er at ein byter (altså ikkje nødvendigvis betalar pengar), kan ein vurdere om dei som ønsker å vere med på arrangementet betalar ein liten sum for å vere med.)

Ein kan også arrangere reparasjonskveldar, der ein tek med ting ein tenker å kaste fordi det manglar ein knapp/har eit hol, eller ikkje passar lenger. Ein kan gjere mykje med nål og tråd på ein kveld. Har ein ingen internt i organisasjonen som er fingernæm, kan ein høyre om nokon har familiemedlem som er villige til å sette av ein ettermiddag eller kveld, eventuelt saman lære seg tips og triks på f.eks. YouTube. Dette vert utvilsamt sosialt, og startar garantert interessante diskusjonar om produksjon og forbruk i ein industri som har stor påverknad for heile verda, og som inneheld problemstillingar som vi alle kjenner godt til.

3. Auke bevisstheit og kompetanse:

Eit anna delmål innanfor berekraftsmål 12 er at ein innan 2030 skal sikre at alle har relevant informasjon om tilstrekkelig forståing om kva berekraftig utvikling er, og også eit levesett som ikkje går på kostnad av naturen. Dersom ein skaffar seg informasjon om dei ulike berekraftsmåla er ein med på å oppfylle krava til dette målet. Ved å tileigne seg kunnskap kan ein spreie kunnskap. Her står ein igjen i ein privilegert posisjon som organisasjon, fordi ein når ut til potensielt mange. Dersom ein spreiar bodskapen på f.eks. sosiale mediar når ein ut til mange born og unge, er med på ei bevisstgjering som kostar lite, men som kan få stor gjennomslagskraft for ein heil generasjon.

Vidare kan ein f.eks. organisere turar i nærliggande naturområder. Noreg er velsigna med naturlege ressursar som vatn og vind som produserer rein energi, men som også kan få store konsekvensar for omliggande natur. Det er vanskeleg å vite korleis ein på best mogleg måte kan forsyne Noreg med rein energi, utan at det skal gå ut over retten innbyggarane har til urørt, vakker natur. Er ein meir bevisst på kva slags naturlege ressursar ein har rundt seg blir ein sannsynlegvis meir oppteken av oppretthaldinga/beskyttelsen av dei. Det er godt for både fysisk og psykisk helse å kome seg ut i naturen, og ved å arrangere turar kan det bli sosialt og auke bevisstheit om berekraftsmåla som har direkte innverknad på kvar enkelt. Vinn-vinn-vinn-vinn.

Pexels ben maxwell 1194235

Berre ved å endre forbruket til menneske, særleg i vestlege land, kan ein sjå ei faktisk forbetring i mange av dei andre måla, som for eksempel stagnering av klimaendringane og ein nedgang i ulikskapar. Dette aukar livskvaliteten over heile jorda, og difor står vi i Noreg med vårt høge forbruk i ein posisjon der vi verkeleg kan bidra til forandring som gjer godt på eit globalt nivå. Den yngre generasjonen har vist seg særleg villig og ikkje minst god på å omstille seg på ein måte som er meir berekraftig. Som medlem av organisasjonar for barn og unge kan ein frå ung alder av, på ein engasjerande måte, lære om berekraftsmåla og kva dei innebere, samt få kunnskap om heilt konkrete og enkle tiltak som ein kan gjennomføre individuelt eller gjennom samarbeid. Slik er ein personleg med på å bidra til ei tryggare og grønare framtid. Hugs at ein gjerne må samarbeide på tvers av organisasjonar i arbeidet med å bevisstgjere barn og unge! Det gjev det ein ekstra sosial dimensjon å møte folk frå andre organisasjonar, samtidig som at ein kan utnytte same ressursane.

Dersom du og din organisasjon ønsker å gjennomføre eit berekraftig arrangement, kan du sjå her for fleire tips!