Denne artikkelen er skriven på bakgrunn av FN-sambandet sine nettsider om berekraftsmåla.

Du har sikkert høyrt om FN før. FN er ein organisasjon der menneske frå alle land i verda møtest for å diskutere saker som ein bør samarbeide om på tvers av landegrenser. Det kan vere saker som krig, utbreidde sjukdomar som koronavirus eller at ein har så dårleg vêr at eit land ikkje klarer å lage nok mat til innbyggarane sine.

For å ha ein klar plan for korleis verda skal jobbe saman i tida framover i saker som gjeld oss alle, har FN laga berekraftsmåla. Desse er ein felles plan for å stoppe klimaendringar, fjerne ulikskapar og utrydde fattigdom innan år 2030. Det er til saman 17 overordna berekraftsmål, med mange fleire delmål. Dei vart laga på ein demokratisk måte der alle landa var representerte, og mange menneske over heile verda fekk vere med å bestemme. Berekraftsmåla skal gjere verda meir rettferdig og trygg. Det betyr at dei som er fattige eller sårbare på andre måtar, for eksempel fordi dei er urfolk eller flyktningar, skal særleg prioriterast og takast vare på.

I Noreg tenker ein kanskje at ein ikkje har så veldig store problem med å nå desse måla samanlikna med veldig mange land i verda. Sanninga er at for nokre av desse berekraftsmåla har vi overraskande langt igjen for å oppfylle dei innan 2030. I tillegg har Noreg saman med andre ressurssterke land eit ansvar om å hjelpe dei som ikkje har like mange ressursar som oss, slik at dei også kan nå sine mål. Vi må alle nå dei berekraftsmåla for at dei skal ha ein reell effekt.

Dersom du les vidare kan du lære litt om kvart enkelt mål, eller berre bla til det du har mest lyst å lære meir om. Øverst på sida her finst det ein nedtrekksmeny som du kan bruke for å finne det målet du er mest oppteken av.

Mål 1 – Utrydde fattigdom

Det aller første målet som vert nemnt i berekraftsmåla er at vi skal utrydde all fattigdom over heile verda innan 2030. Det er eit så viktig mål at mange av dei andre berekraftsmåla er retta mot å løyse nettopp denne oppgåva.

I Noreg har vi nesten ikkje det som heiter ekstrem fattigdom. Cirka 0,3 prosent av den norske befolkninga levde som ekstremt fattige i 2018 i følge FN. Det at vi har eit velferdssystem gjer at dei som verkeleg treng det får hjelp, og som sikrar gode levekår for dei aller fleste. Det er meir av relativ fattigdom i Noreg, noko som betyr at det er store forskjellar mellom dei rikaste og fattigaste i Noreg. Her har myndigheitene ein jobb å gjere.

Mål 2 – Utrydde svolt


Det andre målet handlar om at alle skal ha tilgang på mat som er god for kroppen og for miljøet, og at ingen skal lide av svolt. For å leve eit godt liv, er det viktig å ha tilgang på mat. Innanfor dette målet er det blant anna viktig å rette fokus mot ei rettferdig fordeling av ressursar, produsere meir berekraftig mat, samt kaste mindre etelig mat.

I Noreg er det ingen som lid av akutt svolt, og landet vårt har høg grad av mattryggleik som gjer at vi skal vere sikra mat dersom det skulle skje noko med ei viss avling. Ein kan vel seie at i Noreg i dag så er det andre kosthaldsrelaterte problem som er større, som for eksempel overvekt eller feilernæring. Noreg si viktigaste oppgåve i dette målet er å bidra internasjonalt med å betre vilkåra for dei som ikkje har det like godt.

Mål 3 – God helse og livskvalitet

Det tredje målet skal vere med å sikre god helse og livskvalitet for alle. Dette gjeld alle, frå nyfødde born til dei som er gamle og ikkje lenger kan ta vare på seg sjølve.

I Noreg har vi eit godt helsesystem som skal ta vare på oss heile livet, og vi lev både lenge og godt. Slik er det ikkje i mange andre land i verda. For eksempel så er lufta i nokre store byar og land så dårleg at menneska som bur der blir sjuke berre av å puste. Områder der Noreg har ein liten vei å gå er for eksempel den høge grada av psykiske lidingar og utfordringar med mental helse. Dette er eit tema som det ikkje blir snakka så mykje om, men det gjer at levealderen til særleg norske menn går ned. Eit anna problem er rus, og Noreg har eit relativt høgt tal av menneske som døyr av overdosar.

Mål 4 – God utdanning

Ein skal sikre inkluderande, rettferdig og god utdanning for alle, samt framme livslang læring. Dei aller fleste som ikkje får tilgang til skule er jenter. Når ein ikkje får gå på skulen er det meir sannsynleg at ein blir ein fattig vaksen med få moglegheiter for arbeid. Å sikre utdanning gjer at fleir har moglegheit til å hjelpe i retning av ei bærekraftig verd.

I Noreg har vi eit av dei beste og mest tilgjengelege utdanningssystema i verda, og alle barn har rett på gratis skule. Når ein er ferdig med grunnskulen, har vi ei ordning gjennom Lånekassen som gjer at ein kan få økonomisk støtte for å ta høgare utdanning. Slik gjer ein at jobbmoglegheitene blir likare uansett kva for bakgrunn ein har. Det er fortsatt mangel på kunnskap om berekraftig utvikling i skulesystemet. Dersom born blir interesserte i tema frå dei er små, er det meir sannsynleg at dei skjønar alvoret i det. I tillegg er det for få kvalifiserte lærarar og tilsette i norske barnehagar.

Mål 5 – likestilling mellom kjønna

Verda skal forsøke å oppnå likestilling, samt styrke jenter og kvinner sine posisjonar i samfunnet. Verda blir stadig meir likestilt, og kvinner deltek i områder av samfunnet som før var utenkelege. Likestilling betyr at det er ei rettferdig deling av makt, innflytelse og ressursar mellom kjønna. Mange av dei andre berekraftsmåla er tett knytt til diskriminering av kvinner, og det er fortsatt slik at det er langt fleire menn som har makt enn kvinner, og difor er dette eit veldig viktig mål å jobbe med.

I Noreg har vi høg grad av likestilling samanlikna med veldig mange andre land. Ein får delta på lik linje i arbeidslivet, og alle foreldre har rett til foreldrepermisjon. Men sjølv om det formelle er på plass, er det fortsatt for eksempel vald mot mange kvinner i Noreg. Derfor må Noreg jobbe meir med haldningar i samfunnet. I tillegg er det fortsatt langt fleire menn som er leiarar, og kvinner tener i gjennomsnitt mindre enn menn i Noreg i dag.

Mål 6 – Reint vatn og gode sanitærforhold

Det er viktig å sikre berekraftig tilgang på vatn, og gode sanitærforhold for alle. Reint vatn er veldig viktig dersom ein skal ha god helse, og ¼ av menneska i verda har ikkje tilgang på trygt drikkevatn. Klimanedringar gjer at ein står i fare for å miste fleire viktige kjelder til reint vatn. Det er endå fleir som manglar do og gode sanitære forhold. Dette gjer at sjukdom lett blir spreidd blant menneske som ofte ikkje har tilgang på hjelp dersom dei blir sjuke.

I Noreg har vi meir enn nok reint vatn og infrastruktur som gjer at alle har tilgang på verdige sanitærforhold. Vi har derimot mange gamle vassledningar som gjer at rør lekk, og det gjer at ein både kastar vekk reint vatn og får problem med skittent vatn som renn ut i områder der det ikkje skal vere. Det gjer at mange innsjøar og elver i Noreg er forureina.

Mål 7 – Rein energi til alle

FN jobbar for å sikre tilgang på sikker, berekraftig og moderne energi som ikkje kostar for mykje til alle. Utan tilgang på energi får ein ikkje same moglegheiter som andre. Mange bruker energi som er farleg både for menneska og naturen, og for å vere med å stogge klimaendringane, må desse erstattast.

I Noreg er stort sett all energi fornybar, noko som er bra for miljøet. Men Noreg har eit stort ansvar fordi vi sel olje og gass som ikkje er fornybare til resten av verda. Ofte er det denne energien som er tilgjengelige for dei fattigaste. Dersom Noreg skal vere med å hjelpe til å nå dette målet, må vi også sørge for at vi ikkje flyttar på ansvaret til andre, fattigare land der dei er meir avhengige fossile brennstoff.

Mål 8 – Anstendig arbeid og økonomisk vekst

Ein skal jobbe for å framme varig, inkluderande og berekraftig økonomisk vekst, sikre jobb for alle, og sikre jobb som er anstendig (noko som betyr at ein kan leve godt av lønna si). Dette målet heng tett saman med målet om utrydde fattigdom. Dette innebere særleg å sikre at unge menneske kjem inn i arbeidsmarknaden slik at dei kan få trygge arbeidsliv, samt sikre at kvinner får ta del i arbeid på lik linje som menn.

I Noreg jobbar myndigheitene med at unge menneske ikkje skal slutte å gå på skule og skal kome seg ut i arbeid. Jenter og kvinner har rett til arbeid på lik linje som menn. Vi må bli flinkare til å sikre ein berekraftig vekst i marknaden, noko som inneber at arbeidslivet kan inkludere endå fleir.

Mål 9 – Industri, innovasjon og infrastruktur

Ein skal bygge solid infrastruktur og framme inkluderande og berekraftig industrialisering og innovasjon. Infrastruktur er det som må vere på plass for at eit samfunn skal fungere så godt som mogleg. Då må vi bruke pengar på transport, vatn, energi og informasjon.

I Noreg er infrastrukturen god, vi har gode vegnettverk og absolutt alle i Noreg har mobildekning. Det gjer at ein alltid kan følge med på saker som er viktige, og delta på ting sjølv om ein er langt vekke. Noreg må gjere industrien meir berekraftig og klimavennleg for å vere med å stogge klimaendringane.

Mål 10 – Mindre ulikskap

Ein må redusere ulikskap innad i land, samt mellom landa i verda. Det er fortsatt store ulikskapar mellom menneske innad i land, både med tanke på ressursar og moglegheiter. I tillegg er det store forskjellar mellom land i verda med tanke på kven som har tilgang på flest ressursar og dermed også kan gi sine innbyggarar dei beste moglegheitene.

I Noreg er det relativt små forskjellar i lønn mellom fattig og rik, samanlikna med slik det er i andre land. Her er dei aller fleste arbeidsdyktige ute i arbeid, og vi har ordningar som gjer at dei som ikkje kan arbeide også kan leve gode liv. Når vi betalar skatt er vi med å finansiere ei utjamning av store forskjellar. Men sjølv om det står bra til i Noreg samanlikna med andre land, er det fortsatt for eksempel mange barn som lev under den norske fattigdomsgrensa.

Mål 11 – Berekraftige byar og lokalsamfunn

Saman skal ein jobbe med å gjere alle byar og lokalsamfunn inkluderande, trygge, robuste og berekraftige. I 2030 kjem 60% av verdas befolkning til å leve i byar. Byane i verda står for nesten 75% av alle utslepp av klimagassar, ofte kan det samlast mykje søppel og det kan vere mangel på plassar for folk å bu. Det gjer at ein ikkje alltid lev så godt i byar. Ein må difor jobbe med å utvikle byar i ei retning som gjer at dei som bur der kan leve gode liv.

I Noreg har dei fleste tilgang på vatn, tenestar som handtering av søppel og tak over hovudet, uavhengig om ein bur på landet eller i ein by. Det er relativt få som er heimlause, og dei fleste opplever byen dei bur i som trygg. Det blir dyrare å bu i byane, så Noreg må sikre at fleir har råa å bu der og sikre gode vilkår i takt med at byane veks. Nokre plassar må vi også jobbe med luftkvaliteten og ta betre vare på naturen.

Mål 12 – Ansvarleg forbruk og produksjon

Vi er nøydde til å sikre berekraftig produksjon og forbruk av ressursar. I dag brukar vi fleire ressursar enn det som er berekraftig for jorda å oppretthalde. For å sikre at framtidige menneske skal kunne leve så godt som vi gjer, må vi forandre litt på korleis vi bruker tilgjengelege ressursar.

I Noreg er vi gode på å pante flasker, sortere søppelet vårt og gjenvinne det som kan gjenvinnast. Vi har også eit mindre matsvinn no enn for eit par år sidan, men her er det ein veg å gå. I Noreg bruker kvar enkelt av oss veldig mange fleire ressursar enn dei gjer i andre land. For eksempel bytter vi ut ting, ofte lenge før dei eigentleg treng utskifting, men fordi vi har lyst på noko nytt. Vi må bli enda flinkare til å reparere, gjenbruke og resirkulere dei tinga som vi bruker.

Mål 13 – Stogge klimaendringane

Alle land i verda må handle raskt dersom vi skal klare å stogge klimaendringane og dei følgene dei kan få. Verdas befolkning slepp ut farlege gassar som gjer at temperaturen på jorda stig. Det gjer at menneske i særleg fattige land får endå dårlegare vilkår. På dette målet er det heilt nødvendig at alle tek ansvar, fordi det som skjer med klimaet ikkje er avgrensa til enkelte land.

I Noreg har vi innført ulike tiltak som gjer at vi som bur her skal velje alternativ som ikkje bidreg til global oppvarming og klimaendringar. Noreg har som mål å bli det som heiter eit lågutsleppsamfunn innan år 2050. Vi har også eit ansvar i dei fossile brennstoffa som vi pumpar opp frå havet og sel vidare til andre land som brenn det og slepp ut farlege gassar. Vi er nøydde å kutte ut denne industrien, samtidig som vi sikrar at dei som jobbar der kan få anna arbeid.

Mål 14 – Livet i havet

Vi må bevare og bruke havet og dei ressursane som er der på ein måte som fremmer berekraftig utvikling. Livet på jorda er heilt avhengig av det som skjer i havet. Havet regulerer temperaturen på jorda, skapar oksygenet som vi pustar inn og står for mat som milliardar er heilt avhengige av for å leve gode liv. Ein må difor stanse overfiske av ulike artar og forsøpling av havet, samt beskytte det som er sårbart som for eksempel korallrev.

I Noreg er det mange artar som det er regulert kor mykje ein kan fiske av kvart år. Det står også i lovene våre at ein skal passe på tilstanden i norske havområder. Men, nokre fiskebåtar tek med uhell med seg artar som dei eigentleg ikkje er ute for å fiske. I tillegg har vi ikkje sikra tryggleiken til dei artane som bur litt lenger ute i havet, der ein kan fiske så masse ein berre vil.

Mål 15 – Livet på land

Beskytte, gjenopprette og framme berekraftig bruk av økosystem, sikre berekraftig forvaltning av skogen, bekjempe at ørken spreiar seg, stogge og reversere tap av land og stogge tap av artsmangfald. Skogen er viktig fordi den lagar oksygen, og fordi veldig mange ulike planter og dyr bur der.

Noreg har eit omfattande regelverk for berekraftig bruk og bevaring av naturen i Noreg. Det ein ikkje er like gode på i Noreg er å gjenopprette natur som allereie har gått tapt. Noreg har prioritert å utnytte ressursar i staden for å bevare sensitive økosystem.

Mål 16 – Fred, rettferd og fungerande institusjonar


Framme fredelege og inkluderande samfunn for å sikre berekraftig utvikling, sørge for at alle har tilgang på rettsvern, og bygge ansvarlege og inkluderande institusjonar på alle nivå. Det å sikre internasjonal fred og rettferd har alltid vore viktig for FN. Dersom ein skal sikre berekraftig utvikling må ein også ha fred i verda. Når det er krig i verda blir veldig mange menneske utsett for farlege situasjonar, og har ikkje lenger tilgang på ressursar som er livsviktige.

I Noreg har vi eit demokrati som fungerer godt og som sikrar oss som bur her eit godt liv. Vi bestemmer kven som styrer landet, og stolar på at dei gjer ein god jobb. Noreg har ein vei å gå når det kjem til førebygging av diskriminering og rasisme. I tillegg produserer vi våpen som vi sel til land der dei blir brukt i krig og skader menneske.

Mål 17 – Samarbeid for å nå måla


Vi må styrke verkemidla vi treng for å gjennomføre arbeidet, og fornye globalt samarbeid for berekraftig utvikling. For at vi skal lykkast med å nå berekraftsmåla, er det viktig at absolutt alle er med å jobbe mot dei. Berekraftsmåla skal fungere som ein felles plan for alle verdas land.

I Noreg jobbar næringslivet og frivillige tett saman med myndigheitene. Alle tre jobbar målretta med berekraftsmåla for å sikre at Noreg gjer sitt for å nå måla vi har satt.