Freja - LNUs ungdomsdelegat på berekraftig utvikling 2021

Du har vorte valt ut av LNU til å være Noregs ungdomsdelegat på berekraftig utvikling – kva innebere det å vere ungdomsdelegat?

Prosessen handlar om at ein er valt av LNU til å representere barn og unge si stemme på eit større forum knytt til berekraft. For meg handlar det heilt konkret om å delta på HLPF og vere ein del av det overordna arbeidet gjennom året, samt vere ein ressurs for dei mange organisasjonane.

Kvifor er fokuset kring berekraftig utvikling viktig for deg som individ?

Det er fordi eg ikkje synest alternativet er akseptabelt. Å leve i ei verd med større forskjellar enn nokon gong, stadig forverra klima, menneske som svelt, diskriminering, konflikt, korrupsjon osv. Det er viktig å huske at sjølv om berekraftsmåla ikkje er perfekte, so er dei i mine auge eit genuint og viktig forsøk på å gjere verda betre for menneska og naturen.

Foto: Stian Magelssen

Korleis jobbar din organisasjon (Noregs speidarforbund) med berekraftig utvikling, og kva er fordelane med å jobbe med måla som organisasjon?

I Noregs speidarforbund brukar vi måla både som inspirasjon, og som ressursar, slik at vi kan målrette arbeidet vi gjer. Dette gjer vi både eksplisitt ved at vi nemner det i program og snakkar om det på leir, men også implisitt ved at mykje av arbeidet vi gjer alltid er ein underliggande del av ein større prosess.

Å jobbe mot måla set ting i perspektiv, og det viser barn og unge at små handlingar gjort av mange kan få ein stor effekt, som f.eks. det å rydde strender når ein er 14, er ein del av eit viktig, større arbeid for jorda. Det overlappar med mykje arbeid som allereie vert gjort, i tillegg til at ein kan få mange nye verdifulle ressursar frå fleire organisasjonar.

Det er viktig å huske at sjølv om berekraftsmåla ikkje er perfekte, so er dei i mine auge eit genuint og viktig forsøk på å gjere verda betre for menneska og naturen.

6-16 juli 2021 deltok du på High Level Political Forum (HLPF) i FN, der berekraftsmåla diskuterast. Kva slags møte er HLPF eigentleg, og kvifor er denne typen møte viktig?

HLPF er eit møte med alle FNs land, der ein evaluerer alt arbeid knytt til måla, samt Agenda 2030 som heilheit, og diskuterer vegen vidare. I praksis er konferansen delt i 3: ein tematisk gjennomgang der ein delar «good practices» som andre kan replisere. Den andre delen er sjølve rapporteringa av korleis arbeidet nasjonalt går, og til slutt er det skriving av ein sluttrapport, som vert ei ministererklæring.

Møtet er viktig for å sikre framgangen med arbeidet. Det er eit forum der ein kan halde kvarandre ansvarlege, rose dei som gjer det bra, og stille kritiske spørsmål til dei som ikkje gjer det so bra. Dette gjeld både som land, sivilsamfunn og som unge. Vi kan alltid lære av kvarandre.

Skjermdump: Twitter

Kva var di rolle under møtet?

Eg hadde to roller under møtet. Den eine rolla var som delegasjonsmedlem på lik linje med alle andre, der eg skreiv rapportar og heldt innlegg på vegne av Noreg. Den andre rolla var å vere ein representant for unge, både den unge stemma innad og utad.

Innad i delegasjonen fronta eg det unge perspektivet basert på mine eigne, og LNU sine, erfaringar. Utad var mi aktive deltaking i delegasjonen, som for eksempel inkluderte å halde innlegg på vegne av Noreg, eit eksempel på korleis vi i Noreg ser på yngre som ein viktig ressurs i arbeidet med berekraftig utvikling.

På kva måte har korona-situasjonen påverka arbeidet med FNs berekraftsmål, trur du?

Store delar av konferansen var via til nettopp dette tema. Kort fortalt har alle måla vorte påverka av pandemien. Den har øydelagd framgang for mange, skapt nye prioriteringar, og auka forskjellar mellom kven som gjer det bra og dårleg. Samtidig har det vist at verda at ein kan om ein vil, og vist kor tett knytt verda eigentleg er. Eg trur difor at pandemien har skapt ei ny moglegheit for handling som ein ikkje har sett før. So er det opp til kvar enkelt å bestemme om den handlinga skal vere god eller dårleg med tanke på berekraftig utvikling.

Det er viktig å vite at eins eige arbeid er godt nok, ein treng ikkje nødvendigvis jobbe direkte mot eit delmål eller ein indikator utarbeidd av FN, so lenge ein jobbar mot målet om ei meir berekraftig framtid.

Dersom du skal gi eitt råd til LNUs medlemsorganisasjonar om korleis dei kan jobbe med FNs berekraftsmål framover – kva vil det vere?

Bruk nasjonale og internasjonale ressursar, men gjer arbeidet til dykkar heilt eige! Det er viktig å vite at eins eige arbeid er godt nok, ein treng ikkje nødvendigvis jobbe direkte mot eit delmål eller ein indikator utarbeidd av FN, so lenge ein jobbar mot målet om ei meir berekraftig framtid. Det finst mange gode ressursar som er konkret tilpassa barn og unge, og det bør ein utnytte!

Foto: Siv Cathrine Moe.