Klima og miljø

Miljødimensjonen av berekraftig utvikling handlar om å verne om naturen og klimaet, som er ei fornybar ressurs for oss menneske. Naturen er heilt nødvendig for at vi skal kunne leve gode liv. Måten vi bruker naturen på no, har store konsekvensar både for naturen sjølv og for oss menneske.

Utslepp av klimagassar varmar opp havet og lufta, og det øydelegg heile økosystem. Dyr og plantar blir utrydda, og det gjer oss meir sårbare for naturkatastrofar. Levebrødet til både menneske og dyr blir truga, og det kan føre til konfliktar mellom folk som kjempar om naturressursar.

Om vi tek vare på naturen og tenkjer på korleis vi brukar ressursane våre, kan vi sikre eit godt liv for oss sjølve og framtidige generasjonar.

Sosiale forhold

Den sosiale delen av berekraftig utvikling handlar om å sikre at alle menneske får moglegheit til å få oppfylt rettane sine, og at dei har moglegheit til å påverke eigne liv og samfunnet. Det betyr at vi må utrydde fattigdom, jobbe for likestilling og sørge for at alle menneske har moglegheit til å skape seg eit godt liv. God helse og tilgang til utdanning er òg knytt til den sosiale dimensjonen av berekraftig utvikling.

Befolkningsvekst skapar auka press på naturressursane. Fattigdom er både ein årsak til og ein konsekvens av befolkningsvekst. Ved å redusere fattigdom og auke tilgangen til utdanning for kvinner, har det ført til at kvinner får færre barn enn før. Å investere i utdanning er derfor noko av det viktigaste vi kan gjere for å redusere fattigdom, bidra til demokratiutvikling og sikre ein positiv utvikling.

Økonomi

Den økonomiske delen av berekraftig utvikling handlar om å tryggje økonomien til folk og samfunn. Det inneber å gi folk over heile verda anstendig lønn for arbeidet sitt. Vi må også fordele ressursane betre globalt, og sikre at fattige land opplever økonomisk vekst på ein berekraftig måte. Økonomisk vekst er viktig, særleg for fattige land, slik at dei kan skape nye arbeidsplassar og få inntekter til velferdstenester som skule og sjukehus. Men denne veksten må skje på ein miljøvenleg måte.

Fattigdom og ulikskap kan føre til uro og konflikt, noko som trugar berekraftig utvikling. Difor er det viktig å fordele ressursane meir rettferdig og sikre gode offentlege tenester som helse og utdanning, slik at alle kan leve i fred og rettferd.

I tillegg må vi tenkje meir miljøvenleg når vi produserer og forbruker, spesielt her i Noreg der vårt miljøavtrykk per person er altfor stort. Om alle menneske på jorda brukte like mykje som oss i Noreg, måtte vi hatt 3,6 jordklodar. Ved å gjere dette kan vi arbeide mot ei meir berekraftig økonomi for alle.

Er alle berekraftmåla like viktige?

I utgangspunktet er alle berekraftsmåla likestilte. Men forskarar ved Stockholm Resilience Centre har utvikla ein modell, kalla bryllaupskakemodellen, som viser at nokre mål er meir grunnleggjande enn andre. Jorda har nemleg visse tolegrenser, og difor må berekraftsmåla som handlar om å verne naturen og miljøet og stoppe klimaendringane bli prioritert først.

Det neste nivået i bryllaupskaka handlar om samfunnet og sosiale forhold. Det er viktig at utviklinga innanfor desse måla ikkje går på kostnad av klima og miljø.

Øvst i bryllaupskaka har vi økonomi. Når ein skal nå berekraftsmåla for økonomi, må det skje slik at måla for sosiale tilhøve og for klima og miljø òg blir oppfylte. Økonomien byggjer på og er avhengig av dei to andre nivåa i modellen. Samstundes kan økonomien bli innretta på ein måte som hjelper oss med å nå dei andre berekraftsmåla.



Bryllupskakemodellen
Bryllupskakemodellen. Bilete: Jerker Lokrantz/Azote