Delmålsverkstad

Introduksjon til verkstaden
Kva er delmåla?
Til FN sine 17 berekraftsmål, finst det 169 delmål. Desse delmåla kan vere ein god måte å bli betre kjend med FN sitt berekraftsarbeid på sidan dei er meir konkrete og enklare å forstå i praksis.
Kva er intensjonen med øvinga?
Deltakarane identifiserer kva for delmål dei allereie jobbar med/bidreg til i sitt organisasjonsarbeid, bevisst eller ubevisst. Ein kan arbeide med delmåla på mange måtar - på aktivitetsnivå, i prosjektstyring, i overordna strategi, eller i organisasjonen sitt føremål. Deltakarane må gjerne tenke breitt om øvinga.
Gruppearbeidet
Kvar gruppe treng:
- 1 delmålsplakat som du kan finne her: delmålsplakat!
- Stativ/whiteboard
- Tusjar
- Post-its
Ansvarleg for øvinga skal:
- Presentere øvinga
- Dele ut nødvendig utstyr
- Gjerne sirkulere under øvinga for å sikre at praten i gruppene flyt godt.
Alternativ 1) Internt i organisasjonen
- Del opp i grupper på mellom 2-5
- Gi gruppene 25 minutt kvar på å arbeide med oppgåva
- Oppgåva er: Kva delmål arbeider vi med i vår organisasjon - og korleis? Ver så konkret som mogleg.
Alternativ 2) Samarbeid med ulike organisasjonar
- Del opp i grupper på maks 3
- Oppgåva er fortsatt: Kva delmål arbeider vi med i vår organisasjon - og korleis? Ver så konkret som mogleg.
Gå fram slik:
- Bruk 5 minutt på ei kort presentasjonsrunde innad i gruppene og velg kven som skal vere A, B og C.
- Bruk 7 minutt på å jobbe med oppgåva med fokus på A sin organisasjon - B og C intervjuar og skriv ned (eventuelt ein av kvar).
- Bruk 7 minutt på å jobbe med oppgåva med fokus på B sin organisasjon - A og C intervjuar og skriv ned.
- Bruk 7 minutt på å jobbe med oppgåva med fokus på C sin organisasjon - A og B intervjuar og skriv ned.
Gjennomgang i plenum
Dersom ein får tid kan ein samlast i plenum til slutt og presentere det ein har kome fram til i dei ulike gruppene. Eventuelt kan ein slå saman to og to grupper. Gi kvar deltaker 2 minutt på å presentere sine funn.