Tilbake
Kurs

Idéverkstad til berekraftsarbeid

Dette kurset er inspirert av Dansk Ungdoms Fællesråd. Føremålet med denne verkstaden er at du skal vere i stand til å halde eit kurs der medlemmar av organisasjonen lagar eit nytt initiativ eller ein aktivitet der berekraftsmåla (eller delmåla) er i sentrum. Føremålet er å skape forankring av berekraftsmåla i din organisasjon.

Framgongsmåte:

  1. Presenter kurset. Gjerne hald innleiing om kvifor berekraftsmåla er viktige å jobbe med som organisasjon. Del inn i grupper på 3.
  2. Gruppene kjem med så mange idear for aktivitetar/initiativ dei kan innad i gruppene, og skriv dei på Post-it lappar. Gi dei cirka 5 minutt.
  3. Presenter alle ideane innad i gruppa. Bruk cirka 2 minutt per person.
  4. Kvar person i gruppa vel ut 2 idear, enten sine eigne eller andre sine, som dei synest er gøyest, mest lærerike, inspirerande eller på andre måtar best å arbeide vidare med.
  5. Kvar enkelt går i gang med å videreutvikle dei 2 ideane dei har valgt. Konkretiser kva føremålet er, korleis initiativet/aktiviteten skal gjennomførast, kven som skal ta del i arbeidet med den, kven den er meint for, kva deltakarane skal få ut av det osv. Skriv det ned. Bruk cirka 10 minutt.
  6. Kvar enkelt vel den ideen ein likar best og presenterer for gruppa. Etterpå får ein feedback. Bruk 5 minutt per person.
  7. Kvar enkelt inkorporerar feedback frå gruppa si i ideen.

Til slutt:

Ha til slutt oppsamling i plenum. Deltakarane presenterer sine idear, entan i plenum eller slå saman to og to grupper dersom ein har lita tid. Kvar deltakar får 2 minutt til sin presentasjon.